Frøkedal & Familien

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. Konserten på Parkteatret bør du ikkje gå glipp av. Her skal Frøkedal & Familien presentere nye og gamle hits i fullfamilie-format. Bandet vil, foruten Frøkedal sjølv, bestå av Olav Christer Rossebø (feler, mandola), Selma French Bolstad (feler, vokal), Erlend Ringseth (keys) og Elisabeth Mørland Nesset (trommer, vokal).

7. juni kjem albumet STAY – ei musikalsk motgift mot reiselyst, rastløyse og nagande uro for å gå glipp av noko, om ein skal tru bandet sjølv. Med STAY har Frøkedal gravd djupt i heimlege musikalske skattekister, mekka allsong-rock og smelta reine popsongar saumlaust saman med asymmetrisk pols-rytmikk. Frøkedal & Familien har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, har spelt live på BBC Radio6 og mottatt to Spellemann-nominasjonar. Vi sjåast på Park i september!

Det er legitimasjonsplikt på alle våre arrangementer.
Foto: Vidar Landa

Billettpris
300,- +avg.
Dørene åpner
19:00
Aldersgrense
18
Dato
25.09.24
Kjøp billett